Av Hilde Aga, leder i Norsk Tannpleierforening

Tannpleieren møter menneske i ulik alder og kommuniserer om munnhelse direkte med pasienten, på den private tannklinikken eller i offentleg tannhelseteneste.

På tannklinikken undersøker tannpleiaren pasienten, tar røntgenbilder, og gir pasienten tilbakemelding på tann- og munnhelsestatus. Vidare veiledar tannpleiar korleis pasienten kan ta i vare sine tenner for å unngå problem på sikt. Det blir kommunisert tannpuss, bruk av tannstikker og tanntråd, fluor- og kostholdsvaner og så vidare slik at pasienten sjølv kan ta i vare ein god munnhelse eller forebygge problemer.

Eit samfunnsproblem

Samtidig veit vi at munnhelse og vår generelle helse, påverkar kvarandre gjensidig. Munnhelse og livsstil heng saman. Bruk av tobakk kan ha alvorlege konsekvensar for pasienten si helse og livskvalitet. Tobakksvanar kan vera eit naturleg fokus i møtet mellom tannpleiaren, ungdom og den vaksne pasient.

Tobakk er eit samfunnsproblem og denne utfordringa må ulike helseaktørar ta på alvor saman med brukaren av tobakk. Vi veit at tretten prosent av befolkninga i Norge røykjer dagleg og no prosent oppgir at dei brukar snus dagleg. Vi veit også at blant dei unge i alderen 16-24 år så er det 18 prosent som seier dei snusar. Det utgjer cirka 110 000 unge personar. Dette er faktatal som politikarar og helsepersonell må ta på alvor. Vi veit at dei fleste som røykjer, ønskjer å slutta.

Motivasjon er nøkkelen

I munnen ser vi skader etter bruk av tobakk. Tobakk har stor innverknad på utvikling av sjukdommen tannløsning, snus gir skader på munnslimhinner, det kan vera skader som ikkje endrar seg ved avslutta snusbruk. Tannkjøttet kan dra seg opp slik at pasienten får nakne tannhalsar. Bruk av tobakk kan gi dårleg ånde og misfarging på tennene, dei fleste menneske bryr seg om munnen sin, dei ønskjer eit fint smil og vil ha ein frisk munn.

Vi høyrer ofte kor vanskeleg det er å slutta å bruka tobakk, men overraskande ofte går det lett å slutta, ifølgje mange pasientar. Ingenting er vanskeleg om ein går inn for saka, blir det sagt. Om det er vanskeleg eller enkelt å endra vaner, avhenger av kor motivert ein sjølv er for endring.

Ei rekke helsegevinstar

Pasienten sjølv må bestemma seg for å endra vaner. Når den som snusar eller røykjer får kunnskap om kva tobakk gjer med forholda i munnen, er det kanskje den kunnskap som gjer pasienten verkeleg motivert til å slutta. Årsaken kan i tillegg vera at tannpleiaren er det første helsepersonell som har tatt opp tema med pasienten. Vi veit at sjølv om pasienten ikkje klarar å slutta ved første forsøk, vil pasienten ha større sjanse for å klara det ved neste forsøk. Helsedirektoratet har gode tiltak for å gje hjelp til pasientar som ønskjer å slutta med tobakk. Slutta-appen på websida slutta.no, har vunne internasjonal pris og er eit godt hjelpemiddel for pasienten.

Vi veit at det å bestemma seg for ein slutta-dag, er ein god start. Helsedirektoratet gjennomførte "Den store sluttadagen" 19. oktober der blant anna tannhelsepersonell var viktige aktørar. Det er motiverande for den som vil slutta å røykja at lungekapasiteten blir betre alt to veker etter røykslutt, og at faren for hjarteinfarkt etter cirka ett år, er halvparten så stor som om pasienten hadde fortsett å røykja. Pasienten får også ein betre smakssans og friskare pust kort tid etter tobakksslutt.

At tema tobakk blir sett på dagsorden i ulike miljø, er med på forsterka at tobakksbrukaren blir påverka.

Du må ville sjølv

Livsstilsjukdommar som blant anna diabetes og overvekt er tema som blir tatt opp i møte med pasientar når det er naturleg. Tannpleiaren er ein viktig part i folkehelsearbeidet både på individnivå, i møte med pasientar på tannklinikken og i samarbeid med andre aktørar.

At tema tobakk blir sett på dagsorden i ulike miljø, er med på forsterka at tobakksbrukaren blir påverka. Munnhelse er ein viktig faktor for opplevd livskvalitet. Kunnskap om eigen innsats for å ta vare på munnhelsa, gjer det enklare å endra vaner. Likevel er det viktigaste at du sjølv vil!