Forsking visar at tann- og munnhelsa har innverknad på menneska sin opplevde livskvalitet. Vi veit at enkelte kan oppleva si munnhelse som god sjølv om ein har betennelse i tannkjøttet eller karies, difor vil  oppfatning av eigen munnhelse variera. 

Det er godt å vita at  dei fleste langt på veg kan ta vare på tennene sjølve. Med kunnskap om eigen munnhelsetilstand, og kva tiltak ein sjølv kan gjera, kan den enkelte som ønskjer det, langt på veg leggja til rette for friske forhold i munnen.

Tannpleiaren og tannlegen er det helsepersonellet som dei fleste er i kontakt med regelmessig. I møte med pasienten på tannklinikken, er dialog mellom tannhelsepersonell og pasient ein viktig del av møtet. Tannpleiaren er spesialutdanna til å kommunisera med pasienten, i tillegg til å undersøkja og behandla pasienten på enkelte områder. 

Gjennom veiledning, legg tannpleiaren  til rette for at pasienten kan ta ansvar for etablering av gode munnhelsevanar. Den beste helsetenesta og tannhelsetenesta er den som inkludera pasienten i behandlinga. Det å skapa føresetnad for å kunna ta vare på eiga helse, styrkjer meistringsevna for den enkelte i kvardagen.

Vi veit at ca. 20 prosent av 18 åringane ikkje har karies, og at dei fleste ungdommane har god tannhelse. Det er viktig at samfunnet satsar på at den gode munnhelsa som er etablert blant mange unge i dag, blir tatt i vare. Vidare må dei som treng hjelp og oppfølging, få tilbod om det. Det å ha eigne friske tenner er av betyding når det gjeld tyggeevne og ved sosiale omgang.

Folkehelsearbeid og sunne val

Folkehelsearbeid er eit begrep som får mykje oppmerksomheit og er blitt ein kjent formulering. Folkehelse er innsats i samfunnet som legg vekt på faktorar som styrker helsa ved at dei faktorane som svekker helsa, blir redusert medan dei faktorar som fremjar helsa blir styrka. Tannhelsetenesta er ein aktiv part i dette arbeidet.

Karies og problem med tannløsning, kan vera forårsaka av kostvanar og livsstil. Årsaker som kan føra til  overvekt, diabetes, hjerte- og karsjukdommar. Når det gjeld gode kostvanar er avgrensa inntak av sukkerholdig mat og drikke, og regelmessige måltider, faktorar som påverkar om ein får karies eller ikkje. Det er blitt mange eksempel etterkvart der det sunne val, er blitt det enklaste val.

Dei siste åra er for eksempel søt drikke i barnehagen, erstatta med vatn, og fruktservering er blitt alternativ til kaker ved bursdagsfeiringar. På vidaregåande skular er det  installert vatnkjølar som erstatning for brus,  og mange kantiner sel mat og drikke til ungdommen som er i tråd med nasjonale retningslinjer for kosthold.  Kostholdsvanar som blir etablert i barne- og ungdomsåra, har ein tendens til å følgja oss inn i det vaksne livet.

Tobakk er skadeleg, også for tenner og tannkjøtt. Røyking har stor innverknad på utvikling av tannkjøttsjukdom og røykeslutt er avgjerande for å få eit godt  resultat av behandlinga. Snus gir skade på tenner og munnslimhinne.  Dette er skader som ofte ikkje kan reparerast. Tannpleiaren kan gi pasienten informasjon om tobakken sin negative påverknad, og tilby hjelp til å slutta.

Tannhelsepersonell har avgrensa innverknad på pasienten sine val. God tannhelse blir ikkje skapt i tannhelsetenesta åleine. Det meste som verkar inn på helsa vår, skjer utanfor helsesektoren. Difor er det viktig at politikarane innser at det må  leggjast til rette for  sunne val som blir enkle og naturlege val. Eit samfunn som legg til rette for gode helseval, er ein føresetnad for at den enkelte skal kunna ta meir ansvar for eiga helse.

Folkehelsemeldinga som  regjeringa har ute på høyring for tida, har fokus  eigen meistring og inkludering. Det å førebygge meir og styrkja den enkelte sitt ansvar for eiga helse, er rett veg å gå for dermed å kunna redusera behovet for reperasjon. Dei som treng hjelp og støtte som pasientar i pleie- og omsorgstenesta, i rusomsorga, i  psykiatrien og andre, skal få det.