Tannpleiarar og tannlegar må bli flinkare å kommunisera helse med pasientane våre. Samtidig må samfunnet elles ta større ansvar og leggja til rette for at sunne val blir enklaste val. Livsstil påverkar helsa og tannhelsa vår. Vi veit at utvikling av dei store livsstilsjukdommane våre som overvekt, hjarte- og karsjukdommar, karies og type 2-diabetes, er sjukdommar som i stor grad blir utvikla gjennom vår livsstil, og kan difor førebyggjast. Vi har god og dokumentert kunnskap om livsstilsrelaterte sjukdommar. Denne kunnskapen må kommuniserast slik at den blir viktig for den enkelte. Ulike aktørar kjem på banen og drar i felles retning.

Gode vanar og ingen tobakk

Gjennom gode vanar i kosthold, i munnhygiene, ved å unngå tobakk, påverkar vi helsa vår positivt. Vi har høyrt det før, dette er kjent, men likevel så vanskeleg å gjera noko med. Spesielt er det krevjande å endra kosthaldsvanar. Eit betre samspel mellom tannklinikken og øvrig helseteneste, og tilrettelegging i samfunnet elles, vil ha god effekt.

Politikarar og myndigheiter har gjennom mange år kommunisert at det å leggja til rette for sunne val, skal gjera sunne val til det enklaste val. Det er ein politikk som fortsatt manglar substans. Sjokoladen og varme rosinbollar ligg ved betalingsterminalen, du får ein bolle gratis ved å kjøpa to eller du får den eine sjokoladen i tillegg, ved kjøp av fleire. Vi nærmar oss påske og mange av oss, hugsar priskrigen på smågodt eitt år tilbake som enda med ein pris på ca. to kroner hektoen. Ønskjer dei store matvarekjedene å stå fram og ta ansvar for kostholdsvanar, er dette eksempel på det motsette.

Sukker er syndaren

Verdens Helseorganisasjon, WHO, peikar på sukker som fellesnemnar for karies og fedme. Samtidig veit vi at ca. 30 prosent av alle tilfelle av Diabetes type 2 og overvekt kan bli unngått med små endringar i kosthold og aktivitet. Utviklinga i norsk kosthold, visar at sukkerforbruket har gått ned fordi vi brukar mindre farin og søtt pålegg. Samtidig har det vore ein betydeleg auke i omsetjing av godterier som gjer at vi fortsatt har eit altfor høgt konsum av sukker. Vi har hatt ein liten reduksjon i brusdrikking, men med forbruk i gjennomsnitt på 55 l per innbyggjar, er inntaket fortsatt for høgt.

Positive tiltak som kan ha ført til redusert forbruk, er at brus er fjerna som tilbod i dei fleste kantiner ved vidaregåande skule, barnehagen har tatt ansvar for å servering av vatn som tørstedrikke, samtidig som helsestasjon er klare på bodskapet om vatn som drikke til småbarn. Universelle tiltak i barnehagen med servering av ernæringsriktig kost, tilrettelegging for enklare måltid i skulen og kantiner i ungdomsskulen, er eksempel på enkle og gode tiltak.  Vi veit at tre av ti ungdomsskuleelevar ikkje har med matpakke.  Felles laging og servering av frukost eller lunsj i skuletida, er positivt for helsa, på evna til læring og på miljøet. Å  fjerna skulefruktordninga, er derimot døme på steg i feil retning. Helseriktig tilrettelegging i skulen og på arbeidsplassen har den fordelen at det når mange. Dette er blant anna eksempel på tiltak i enkelte kommunar. Utfordringa er å omgjera unntak til standard.

Ta ansvar for eiga helse

Vi i tannhelsetenesta må ta vårt ansvar å følgja opp eksisterande og komande samfunnsstrukturelle tiltak, gjennom kommunikasjon overfor den enkelte ved besøk på tannklinikken. I det store og heile må nok framtidas pasientar førebu seg på å ta eit større ansvar for eiga helse, i følge adm. dir. ved HelseVest, Herlof Nilssen.

La oss i tannhelsetenesta vera med på den tanken og endra tannklinikken frå å vera bygd for behandling av sjukdom, til å bli lagt til rette for å skape helse gjennom aktiv deltaking og kommunikasjon med pasienten. Ansvar for eiga helse er målet!