Så enkelt og så inni granskogen vanskeleg. Kanskje er det er naturstridig for vaksne menneske å vere meir fysisk aktive enn det vi strengt tatt må. For meg, og for ein del andre i Noreg og resten av verda, er dette ein veldig rar tanke. Det er jo så moro med mange former for aktivitetar og trening! Men vi veit jo at for dei fleste er det ikkje slik.

Meining i middelvegen

Regelmessig trening er mulig for alle å få til, men for mange krev det eit mentalt blodslit. For menn kan det vere ekstra vrient å finne meining i realistiske og levelege treningsmengder. Det er så ofte alt eller ingenting. Veddemål og konkurransar lokkar oss ut på fantastiske opplegg i periodar. Mange får til store prestasjonar. Utrena i januar, Trondheim-Oslo på 20 timar i juli. Strålande!

Men opplegget har vore så tøft at det blir mange år til neste gong. Nesten litt som den armhevingskonkurransen ein vann i militæret som 18-åring, og som ein strålar seg i glansen av resten av livet… Eg trur det er mulig, til og med for oss menn, å finne meining og glede i middelvegen. Men det krever at vi verkeleg tenker oss om. Vi kan snakke og snakke til vi blir blå om førebygging, betre helse, lengre levetid og så vidare. Men for ein normalt frisk mann på 45 viser det seg å vere av veldig liten betydning når han står framfor dørstokkmila og skal bestemme seg for å ta løpeturen i dag eller ei. 


Det fungerar alltid

Eg trur hemmeligheita ligg i å sjå på kva kvar enkelt dag kan gi oss av goder. Kor viktig det er for dagen i dag at vi orkar å gjere ting vi faktisk likar og som gjer at vi føler oss bedre. Det er sjeldan kroppane våre er fysisk utslitne no for tida. Likevel er det mange som ikkje orkar anna enn å vere i sofaen etter arbeidstid. Sjølv om vi alle veit det virkar, kjem ein til eit punkt der det verkar heilt fjernt å gå ut eller trene for å få det bra, akkurat no. Men det funkar jo alltid! Kvar gong vi tek ei treningsøkt eller brukar kroppen vår, er det ein suksess med ein gong, og fortsetter vi fleire gonger i veka med litt trening har vi utbytte av det alle dagar vi har igjen i dette livet, uansett kor mange det blir.

- Eg trur hemmeligheita ligg i å sjå på kva kvar enkelt dag kan gi oss av goder.

Ein av mine favoritthistoriar er om ein kar midt i 40-åra som fekk den klassiske beskjeden av legen sin om å begynne å ete sunnare og trene meir. I motsetning til dei fleste andre gjorde han det på eit moderat vis: Gåturar med «Tjukkasgjengen» 3-4 gonger i veka. Utgangspunktet var ingenting, så kva skjedde etter eit par månader? Legen kunne sikkert målt store forandringar reint fysisk. Men det han sjølv sa syns eg var brilliant. For han la vekt var at han no orka å gå på fotballpub og sjå alle fotballkampane han brukte å sitte heime åleine og sjå på. Som singel 45-åring med ønske om å finne ein partner er det sikkert bedre plassar å gå slik sett. Men sjansane er i alle fall større enn heime i stova. Pluss at han sjølvsagt får vere sosial, han drikk mindre øl og et langt mindre snacks, fordi det kostar meir og han no har nokon å prate med under kampane. Snakk om suksess.

Det er mogeleg å få til

Det å vere ein supermosjonist må også vere lov, og det gir ein del menn store gleder. Men kampen står i andre enden. Middelvegen i denne samanhengen er ikkje for å vere middels, men best mogeleg, for deg og den du er. Å spise sunt nok og bevege deg nok til at du orker det som er viktig og som gjer kvardagen din til den beste for deg. Det er vrient, men vi kan bestemme oss for at middelvegen er sexy. Og ikkje minst mulig å få til.